Generell litteratur

Nynorsk for dumskallar

Nynorsk for dumskallar er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil lære litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil lære nynorsk, men som må lære det. Kristin Fridtun var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bite i graset og vedgå at læraren hadde rett. Den nynorske jungelen er ikkje så stor og skummel som mange trur! Fridtun syner veg på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen og gir ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk.
349,00 kr
Sider
108
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183160
Kristin Fridtun
Om forfattaren

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun (f. 1987)frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har blant anna skrive Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.