Ny melding: roman

Barn og ungdom

Ny melding: roman

12–16 år
Kari-Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Ho blir meldt sakna etter at ho ein kveld går heim frå bussen saman med ein ukjent gut. Men snart begynner venninna Bente å få tekstmeldingar frå telefonen til Kami. Er det Kami som sender dei, eller er det nokon andre? Har ho rømt frivillig, eller blir ho halden fanga? I meldingane blir Bente bedt om å ikkje sei noko til andre, og kort tid etter får ho sjansen til å finne ut av det på eiga hand. Det fører Bente til Oslo og til farlege situasjonar.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185485
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.