Ny melding: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Ny melding: roman

12–16 år
Kari-Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Venninna Bente er den siste som har høyrt frå henne. Ein sein kveld ringer Kami på veg heim frå bussen. Der er det også ein ukjend gut med. Snart begynner Bente å få tekstmeldingar. Er det Kami sjøv som sender dei, eller er det andre som bruker telefonen? Snart får ho sjansen til å finne ut av det på eiga hand, Det fører henne til Oslo og mange farlege situasjonar. Dette er den første boka om Bente og Kami.
198,00 kr
Sider
171
Utgivingsår
2003
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252162998
Magnhild Bruheim
Om forfattaren

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.