Norsk humor
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Norsk humor

Dette er den store oversikta over norsk humor - frå Holberg til Knut Nærum. Er du i tvil om kva som eigentleg er morosamt, får du her hjelp av to med med særs god teft og smak, Are Kalvø og Christine Hope. Dei har plukka ut sine favorittar gjennom tidene. Her er det striper frå Nemi og Pondus, karikaturar frå Finn Graff og Hammarlund, visdomsord frå Fredrik Stabel, aforismar frå den eine og den andre, songtekstar frå Odd Børrezen og Side Brok, og legendariske tekstar frå Anne-Cath Vestly, Peter Wessel Zappfe, Erlend Loe og Ragnar Hovland. Norsk humor er ei latterleg skattkiste. Are Kalvø: Sunnmøring, tekstforfattar, programleiar, forfattar, kåsør, spaltist og revysjef. Har arbeidd med humor og satire sidan 1994 (i bl.a. Hallo i uken). Christine Hope: Bergensjente frå Stord, kjent frå TV2s Frittgående Hope. Har arbeidd med revy og teater i ei årrekkje, og er glitrande i si rolle som Herdis, den sjalu venninna til Herborg Kråkevik.
369,00 kr
Sider
336
Utgivingsår
2005
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252165555
Are Kalvø
Om forfattaren

Are Kalvø

(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har motteke ei rekkje prisar og hatt stor suksess med scenetekstane Norge-Brasil, ein fotballopera, Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake og Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.