Norsk historie etter 1905

Ola Svein Stugu

Dette er den fjerde og siste boka i det nye historieverket til Samlaget. Bandet dekkjer tida etter unionsoppløysinga i 1905. I denne perioden har Noreg hatt ein sterk velstandsvekst. Ein viktig tråd i framstillinga er å vise korleis dette har gått til, ikkje minst korleis internasjonale tilhøve har lagt rammer og føringar for norsk utvikling.

Næringar retta mot sjøen har vore sentrale gjennom heile perioden, og utanrikspolitikken har heller søkt tilknyting vestover enn sørover mot kontinentet. Noreg har også utvikla ein høg grad av sosial tryggleik og eit lågt spenningsnivå jamført med andre land, og drøftinga av dei politiske, sosiale og kulturelle tilhøva som har gjort dette mogleg, får brei plass i framstillinga. Det blir òg drøfta i kva grad okkupasjonsåra 1940 til 1945 var meir enn ein parentes i historia.


ISBN: 9788252174441

Kategoriar: Høgskule og universitet, Ola Svein Stugu

Emneknagg: 2012, Hefta,

Sjanger: Historie og kulturvitskap



Meir frå Ola Svein Stugu