Norsk historie 1814-1905: å byggje ein stat og skape ein nasjon
Den nye utgåva er betydeleg revidert. Teksten er gjennomarbeidd på nytt med komparative blikk til andre delar av Nord-Europa og med sentrale forskingsdebattar integrert i framstillinga.
Jan Eivind Myhre er professor emeritus i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo. Hans arbeidsfelt er moderne norsk og europeisk historie etter 1800, med særleg vekt på sosialhistorie, befolkningshistorie, migrasjonshistorie, byhistorie og historiografi. Myhre har tidlegare utgitt ei rekkje bøker og mellom anna vore medforfattar på verka Norsk innvandringshistorie (2003) og Norsk byhistorie 700-2000 (2006).
Jan Eivind Myhre
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO