InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Ned i skjul: roman

12–16 år
«Guåker skriv humoristisk om alt trøbbelet du kan kome opp i om du er kåt og uerfaren ... Guåker har skrive fem ungdomsromanar allereie, og ho er ein uredd vaksen som kan skrive om det som er vanskeleg med skråblikk og...»
— Petra J. Helgesen, Klassekampen
I Ned i skjul møter vi Agnes, ein ganske vanleg, dritkåt 16-åring. Det meste ho gjer, er styrt av tanken på éin ting, nemleg puling. Ho ser på porno og rotar med gutar, og til jul får ho ein dildo og ein vibrator av søstera.

Alle kjensler er i spel i denne boka. Agnes blir forelska, drit seg ut på fylla, kjem til skolen måndagen etter og ser at nokon har skrive «Agnes er ei hore» på do-døra. Agnes prøver å balansere mellom å vera villig og å halde att. Korfor kan ein ikkje både vilja ligge og ha ei hand å halde i?

Ned i skjul er ei rå, ærleg og viktig historie om sex, skam og kjensler. Det er ei bok om porno, og om kva forventningar til sex som blir stilt til både gutar og jenter.
349,00 kr
Sider
183
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012464
Helene Guåker
Om forfattaren

Helene Guåker

(f. 1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink, og i 2020 blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen for ungdomsromanen Høgspenning livsfare. Den førre boka hennar, Stella står i det (2025), blei nominert til Kritikarprisen. Stella seier sanninga (stort sett) (2026) er den siste boka hennar.

Foto: Sara Sanderud