Mot normalt
E-bok

Generell litteratur

Mot normalt

Billetten til eit godt liv. Bjørn Hatterud er funksjonshemma. Han er fødd med ei form for ryggmergsbrokk og klumpfot og har vore gjennom tallause smertefulle behandlingar og operasjonar. Hatterud har vore eit overvektig mobbeoffer og er dessutan homofil. Dette er ei forteljing om ikkje å passe inn, om å vekse opp i Brumunddal og vere avvikar og skeiv på alle vis. Dette er ei historie om motgang og liding, men inga sørgjeleg historie. Som mor hans har sagt det: «Eg er så glad du er funksjonshemma. Det har gitt deg pengar frå NAV til studium og tid til å utforske deg sjølv og kva du vil. No kan du arbeide med det du likar, og likevel klare deg økonomisk. Utan funksjonshemmingane hadde du sikkert blitt i Brumunddal og kanskje jobba på posten!» For Hatterud har funksjonshemminga, homofilien, overvekta og mobbinga vore sjølve billetten til ei klassereise og eit godt liv.
249,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197600
Bjørn Hatterud
Om forfattaren

Bjørn Hatterud

Bjørn Hatterud (f. 1977) kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar, er medlem av Kringkastingsrådet og lagar støymusikk. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018), Mjøsa rundt med mor (2020) og Blokka på Bjerke (2023). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.

Fleire foto av Agnete Brun: