Mørk vår: forteljing

Skjønnlitteratur

Mørk vår: forteljing

Omsett frå ger
Sterk kortroman om erotisk oppvakning og kjærleikssorg. I år er det 100 år sidan Unica Zürn blei fødd, og med denne utgivinga blir Zürn for første gong tilgjengeleg på norsk. Mørk vår handlar om ei jente som veks opp i mellomkrigstidas Berlin med ein fråverande far og eit anstrengt forhold til mor si. Ei rekkje brutale hendingar fører til at barndommen får ein tidleg slutt. Fantasien blir det einaste vernet jenta har mot ein vanskeleg røyndom, som mellom anna omfattar ein incestuøs storebror og ei håplaus forelsking i ein framand ung mann. Mørk vår er omsett frå tysk av Runa Kvalsund. Illustrasjonane i boka er laga av Hans Bellmer, og Olga Ravn har skrive etterordet.
329,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190380
Unica Zürn
Om forfattaren

Unica Zürn

Unica Zürn (1916–1970) blei fødd i Grunewald, Tyskland. Ho er ei unik røyst i kunst og litteratur frå 1900-talet. Etter å ha møtt Hans Bellmer i 1953 flytta ho med han til Paris, der ho blei kjend med surrealistane, og der ho skapte den kunsten ho er mest kjend for: anagrampoesien, automatteikningane og romanane Mørk vår og Sjasminmannen.