Mopp og Mikko elskar dyr

Barn og ungdom

Mopp og Mikko elskar dyr

Til 3 år
Kari Stai, forfattaren bak prislønte Jakob og Neikob, er ute med ein fargerik peikebokserie for dei minste. Her blir vi kjent med Mopp og Mikko som elskar mat, dyr, ting og kjøretøy.

Mopp er praktikar, Mikko romantikar. Dei to gledesfylte typane er på nysgjerrig leiting etter noko dei likar eller undrar seg over. I eit klart og tydeleg farge- og formspråk klarer Stai å kommunisere med dei aller minste lesarane om ting som opptar dei i kvardagslivet. Dei to siste sidene i bøkene har spørsmål til vidare diskusjon med barna.

Les også: Mopp og Mikko elskar kjøretøy, Mopp og Mikko elskar mat og Mopp og Mikko elskar ting.
149,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186802
Kari Stai
Om forfattaren

Kari Stai

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.

Sjå alle bøker av Kari Stai →