InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Mjølketannmuseet: forteljingar

Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene. Mjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.
429,00 kr
Sider
131
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196566
marit o kaldhol
Om forfattaren

marit o kaldhol

marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.