Men fjernkontrollen min får du aldri

Skjønnlitteratur

Men fjernkontrollen min får du aldri

Du har sett på TV. No kan du lese boka Are Kalvø debuterte på TV som tilskodar under NM i alpint på Stranda i 1983. Seinare har han vore på TV mange gonger. Han har også vært mykje på radio og i avisa.Han har skrive bestseljarane Kunsten å vere neger og Harry, og står ein del på scener om kvelden dersom det ikkje er noko bra på TV.
150,00 kr
Sider
120
Utgivingsår
2000
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252155969
Are Kalvø
Om forfattaren

Are Kalvø

(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har motteke ei rekkje prisar og hatt stor suksess med scenetekstane Norge-Brasil, ein fotballopera, Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake og Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.