Barn og ungdom

Marnie: mi hemmelege venninne

Omsett frå engelsk av Eli Oftedal

12–16 år
Anna bur i fosterheim, og er ei utilpass jente utan venner, alltid på utsida. Ein sommar blir ho send på bygda for å bu hos gamle Mr. og Mrs. Pegg, og der spring ho fritt ikring mellom sanddynene og ved vatnet. Der er det eit hus, Marsh House, som ho føler at ho kjenner - og like etterpå møter ho ei merkeleg jente kalla Marnie, som blir Annas første venn nokosinne. Plutseleg ein dag forsvinn Marnie, og ein ny familie, Lindsay-familien, fl yttar inn i huset. Anna blir god venn med Lindsaybarna, og gjennom dei får ho vite meir om Marnie, ei jente som viser seg å vere heilt annleis enn ho trudde. Ein vakker roman om det å kjenne seg annleis og å endeleg skjøne kven ein er. Boka er omsett av Eli Oftedal og språkleg modernisert av Åsmund Forfang.
249,00 kr
Sider
206
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
Omsetjar
Eli Oftedal
ISBN
9788252192216
JR
Om forfattaren

Joan G. Robinson

(1910_x0096_1988) var ein britisk forfattar og illustratør, mest kjend for romanen Marnie _x0096_ mi hemmelege venninne, som verdskjende Studio Ghibli har laga animasjonsfilm av.