Barn og ungdom

Verdas viktigaste bok: om kroppen, følelsar og sex

12–16 årOmsett frå svensk
Ei bok om alt ein vil vite, men ikkje vågar å spørje om. Er det vanleg at tissen er skeiv? Kvifor er nokre ting jentete og andre gutete? Korleis kjennest det å bli kåt? Kan mensen vere brun? Kor ofte er det ok å onanere? Korleis skal eg vise at eg vil bli saman med nokon? Denne boka er til deg som lengtar etter å kline. Og til deg som aldri kunne tenke deg å stikke tunga di inn i munnen på nokon. Boka handlar om kropp og utsjånad, om kjærleik og flaue greier. Du lærar deg det du treng å vite om både jentetissen og gutetissen, og ein del om sex. Men dette er ikkje berre ei faktabok, for ho handlar også om sånne ting som du berre kan vite sjølv: korleis det kjennest inni deg, og kva som er bra for akkurat deg. Mest av alt handlar boka om at du skal ha det bra. Det gjer dette til verdas viktigaste bok. Boka er omsett av Ingelin Røssland.
379,00 kr
Sider
198
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189148
Nathalie Simonsson
Om forfattaren

Nathalie Simonsson

er tidlegare seksualopplysar på RFSU, Riksförbundet för sexuell upplysning, og har treft fleire tusen barn og ungdommar i samtale om pubertet, kjærleik, porno, utsjånad, sex, pinlegheiter og kjensla av å vere normal eller ikkje. Verdas viktigaste bok (2012) er den første boka hennar og vart gitt ut saman med RFSU, Sveriges største aktør innan seksualopplysing.
Meir om Nathalie Simonsson →