Mange års røynsle med pil og boge: Olav H. Hauge les 97 eigne dikt
Produkt som inneheld fleire enkeltproduktFleire format

Skjønnlitteratur

Mange års røynsle med pil og boge: Olav H. Hauge les 97 eigne dikt

Olav H. Hauge (1908-1994), vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist. Han brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel, og den veldige spennvidda mellom korthogne, haikuliknande dikt og formfullenda sonettar har hatt sterk appell på tvers av generasjonane. Enkel livsvisdom er nedfelt i korte, aforistiske dikt, intellektuell undring er blanda med konkrete sansingar både i tingdikt og vare landskapsskildringar. Olav H. Hauge las dikta sine på ein intens og samtidig ledig måte. Diktarhovdingen var 80 år då han valde ut dei 97 dikta som han her har lese inn på sitt særeige vis. Opptaka følgjer med boka som eigen dobbel-CD.
359,00 kr
Utgivingsår
2000
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252154733
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.