Lucida
Innbunden

Romanar og noveller

Lucida

Driven av ein draum om gjenerobring forlèt den unge kunstnaren Robert Frahm Oslo og reiser til Syden, til Costa de la Luz, for å oppsøkje den tidlegare kjærasten sin, Maya Mesic. Han tar inn på eit hotell der turistlivets intime trivialitetar snart får han til å dele heile kjærleikshistoria si med ei gruppe tyske pensjonistar. Medan han førebur den store framstøyten for å vinne Maya tilbake, går dei tragiske realitetane gradvis opp for han: Ho kan allereie vere tapt.

Flornes Skaret skildrar kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne, og varleik for omgivnadene.

449,00 kr
Erlend Flornes Skaret
Om forfattaren

Erlend Flornes Skaret

Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Han debuterte til begeistra kritikkar i 2011 med romanen Wrocław, og har også skrive romanane Lucida (2013) og Nomade (2016). Caninevangelium er den fjerde romanen hans.