InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Livius: roman

Lam er offiser i ein invasjonsstyrke. Jobben hans er å reinske ut siste rest av motstand i det invaderte landet. Krigens råskap gjer han stadig meir desillusjonert, og i opprør mot det moralske forfallet som omgjev han, gjer han seg skuldig i eit alvorleg brotsverk. Som straff blir han og mennene hans sendt ut på eit livsfarleg oppdrag djupt inne bak fiendens liner. Målet for oppdraget er opprørspoeten Livius, som spreier propaganda og gir folket ny kampvilje. Når ein ung gut kryssar vegen til soldatane, tek historia ei ny vending, og Lam får igjen ei sak å kjempe for. Livius er ein roman om fedrar og søner, om idealisme og desillusjon, om å gå seg vill, og om kampen for å finne meining i ei verd der all meining synest å ha gått tapt.
429,00 kr
Sider
247
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186475
Erlend Kaasa
Om forfattaren

Erlend Kaasa

Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark og er busett i Indre Arna. Han debuterte med Thunder Road i 2009 og har sidan gitt ut romanane Livius (2015) og Men ikkje Maria (2019). (44) er den første novellesamlinga hans. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar.