Skjønnlitteratur

(44): noveller

«Jeg kan peke på minst førtifire kvalitetstrekk ved novellesamlingen (44) av Erlend Kaasa ... Kaasa maner frem personene i en usedvanlig harmonisk blanding av djevelsk humor og omtanke for og ironisk distanse til dem –...»
— Joakim Tjøstheim, Dagbladet
Kåra til ei av årets beste bøker 2025 i Dagbladet!

Ein familiekjær forfattar blir skulda for å ha skrive eit misogynt manus. Ein trampoline opnar porten inn til dei store gåtene i livet. Kongen av Strava må ta affære då han blir utsett for eit overrumplande kupp. Ei søvnlaus kvinne gruar seg til ein romantisk weekend i Gdańsk. Det blodige sporet til eit skamskote dyr fører ein jeger ut av kurs. Ein dokkeheim tek så smått form i ein kjellarhybel på Vigrestad. Fagre Frøydis byrjar å innsjå at ho ikkje er like fager lenger. Og ein mann går inn på det gamle guterommet sitt og oppdagar at heile livet hans er hengt opp på veggen.

Gjennom dei åtte novellene i (44) møter vi personar som kvar på sitt vis byrjar bli merkte av livet dei har levd: Av uutgrundelege val og tilfeldige møte. Forspilte sjansar. Usannsynlege triumfar og lukketreff. Kjærleik. Svik. Askese. Eksess. Mot. Hovmot.

(44) gjev lesaren innblikk i eit knippe livsløp som har glidd inn i faste former, men som enno ikkje har stivna heilt.

Terningkast 5! "Kaasa har et godt blikk for detaljer, for små og store øyeblikk. Og selv om personene hans får gjennomgå, har han mye omtanke for dem. I disse novellene er det lunt og godt å være." – NRK

"Drøyt? Absolutt. Overdrevet? Med viten og vilje. Det er satire han bedriver, Kaasa, som har full kontroll på sin drivende, saftige prosa." – Morgenbladet
299,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014864
Meldingar

Sagt om boka

5 omtaler

«Terningkast 5! Kaasa har et godt blikk for detaljer, for små og store øyeblikk. Og selv om personene hans får gjennomgå, har han mye omtanke for dem. I disse novellene er det lunt og godt å være.»

— Ellen Sofie Lauritzen, NRK

«Erlend Kaasa skriv rått om pulsklokker og frusterte menn. Han fortjener et større publikum.»

— Ingunn Økland, Aftenposten

«Du trur Erlend Kaasa skriv liketil, og så ser du ein gong til ... Novellene heng igjen i meg som substansielle, litterære stemningar, og som uttrykk for vesentlege livsinnstillingar.»

— Ingvild Bræin, Dag og Tid

«Novellene i (44) [er] tankefulle, leseverdige portrett av menneske som kjenner murane reise seg og skuggane legge seg midtveges i livet.»

— Eivind Myklebust, Klassekampen

«Drøyt? Absolutt. Overdrevet? Med viten og vilje. Det er satire han bedriver, Kaasa, som har full kontroll på sin drivende, saftige prosa.»

— Maria Olerud, Morgenbladet

Erlend Kaasa
Om forfattaren

Erlend Kaasa

Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark og er busett i Indre Arna. Han debuterte med Thunder Road i 2009 og har sidan gitt ut romanane Livius (2015) og Men ikkje Maria (2019). (44) er den første novellesamlinga hans. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar.