Livius: roman

Skjønnlitteratur

Livius: roman

Lam er offiser i ein invasjonsstyrke. Jobben hans er å reinske ut dei siste lommene av motstand i det invaderte landet. Konfrontert med krigens råskap blir han stadig meir desillusjonert, og i eit anfall av moralsk indignasjon gjer han seg skuldig i eit alvorleg krigsbrotverk. Som straff blir han og mennene hans sendt ut på eit oppdrag djupt inne bak fiendens liner. Når ein ung gut kryssar vegen til soldatane, tar historia ei ny vending, og Lam får igjen ei sak å kjempe for. Ein roman om kampen for å finne meining i eit tilsynelatande meiningslaust tilvære.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186482
Erlend Kaasa
Om forfattaren

Erlend Kaasa

Erlend Kaasa (f. 1976) kjem frå Vinje i Telemark og er busett i Indre Arna. Han debuterte med Thunder Road i 2009 og har sidan gitt ut romanane Livius (2015) og Men ikkje Maria (2019). (44) er den første novellesamlinga hans. Kaasa har hovudfag i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Han er busett i Arna i Bergen og arbeider som lærar.