Livet er eit språksjov: kva språket har gjort med meg

Generell litteratur

Livet er eit språksjov: kva språket har gjort med meg

5 t 46 min
«Ein formidlar av Guds nåde ... Eide og Akselberg er båe formidlarar av Guds nåde, i god tradisjon etter andre suverene formidlarar frå Universitetet i Bergen, som Frank Aarebrot og Jørn Øyrehagen Sunde på sine område;...»
— Jan Nyberg, Bergens Tidende
Linda Eide er hekta på språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. Bli med inn i dei språklege fenomena Linda er aller mest oppteken av, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå sekundærkrenkt til reinspikka undertrykt. Frå journalistutdanning til oppseiing i NRK.

Dette er ei generell og personleg forteljing om det fascinerande, herlege, latterlege og sjukt irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire-sju: SPRÅKET!
349,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015229
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Linda Eide er like vittig som i NRK, men her får også det personlege og språkpolitiske plass. ... Linda Eides nye bok er essayaktig, blotta for akademisk snobberi og inneheld mange små kapittel med utvalde scener frå (språk)livet hennar. Med fotografi og illustrasjonar er dette ei lettlesen og uhøgtideleg bok som passar for folk både med og utan uttalt språk­interesse. ... Eide opnar boka med å stadfeste at språkinteressa i Noreg er skyhøg. Slutninga er basert på interaksjonen med publikum i språksjov-åra, og set tonen for vidare språknerding. Det som følger, er ikkje mindre enn ein språkleg godtepose (ja, det er eit eige kapittel om klisjéar).»

— Ayne Kifle Assefa Aalen, Klassekampen

Linda Eide
Om forfattaren

Linda Eide

Linda Eide har arbeidd som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er programleiar, forfattar, foredragshaldar og språksjovar. Særleg kjend er ho for Eides språksjov, det prislønte fjernsynsprogrammet som i tolv sesongar gjorde språk til laurdagsunderhalding på NRK.

 


Foto: Thor Brødreskift