Lise og Lotte eller omvendt

Erich Kästner | Ragnar Hovland

Klassikaren om Lise og Lotte for første gong på nynorsk

Kva gjer ein når ein møter ein person som er prikk lik ein sjølv? Stikk ut auga på vedkommande? Blir bestevenninne?

Lise og Lotte treffer kvarandre tilfeldigvis på sommarleir, og blir forskrekka når dei oppdagar at dei er heilt like! Det som begynner som uvennskap, utviklar seg til vennskap, og dei lurar på kvifor dei ser så like ut, men ikkje kjenner kvarandre.

Endeleg er denne populære barneromanen, skriven av den legendariske barnebokforfattaren Erich Kästner, omsett til nynorsk. Boka finst på mange språk og er filmatisert fleire gongar.

Som film er historia kanskje best kjent for det norske publikummet som Foreldrefellen, med ei ung Lindsay Lohan i hovudrolla.

Frå Bokmeldingar

"[...] en utrolig morsom, overskuddspreget og sprudlende barnebok."
Heidi Sævareid, barnebokkritikk.no


ISBN: 9788252171747

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Erich Kästner

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: 6-9 år



Meir frå Erich Kästner