
Innbunden
Lyrikk, drama og essay
Lirum larum
Ei ny og sterk livsbejaing slåst om plassen med gammalmannsfilosofiane. Og som vanleg held diktaren dommedag over seg sjølv, med ironi og sjølvkritikk. Dette er ei ganske typisk Øglænd-samling, med andre ord. Ei plate med mørk kokesjokolade _x0096_ rute for rute med bittersøte dikt om alt forfattaren hatar å elske.
I dag klypte eg nokre grå hårstrå vekk
frå tinningen. Ansiktet mitt
er ikkje lenger ungt.
Men dei grøne trea gir både skugge og ly.
Eg likar å sjå mi kjære vatne blomane eg ikkje veit namnet på.
Håret mitt er ennå ikkje kvitt.
I eplehagane skal frukt falle ned til hausten,
og under utelampane skal myggen virre rundt som i ein rus.
399,00 kr





