Finn Øglænd
(f. 1957) er frå Stavanger. Han debuterte med diktsamlinga Det opplyste landskapet i 1983 og har gitt ut bøker innanfor ei rekke sjangrar. Øglænd er òg aktiv som kritikar og essayist. Øglænds omfattande litterære produksjon inneheld både diktsamlingar som Flammande mørke (1985), Poesi er for desperados (2001), I den kalde molda brenn eit bål (2008), romanar som Mannen utan ansikt (1985), Pariserloff (1988), Hjarteblod (1993) og barne- og ungdomsbøker som Stina på månen (2002), Amok (2004) og Svarte sjeler (2007). Hjartets protokollar (2000) er ei samling korte prosatekstar, mens Berre ikkje noko skjer frå 1999 er eit skodespel.
For forfattarskapen sin har Øglænd motteke fleire prisar. I 2000 fekk han Sunnmørsprisen for Dei penaste jentene på TV, ei bok han året etter også fekk Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for. I 2005 fekk han Samlagsprisen, og i 2007 blei han den første til å motta det nyetablerte Rasmus Løland-stipendet frå Rogaland Fylkeskommune. Ungdomsboka Fem dagar, fire netter blei i 1998 nominert til Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris. Øglænd har gjort ein omfattande innsats som omsetjar, og har m.a. gjendikta Rutger Kopland, Charles Simic, James Wright, Hugo Claus og Eddy van Vliet til norsk. Finn Øglænd har utdanning frå forfattarstudiet i Bø, og har vore lærar ved Skrivekunstakadmiet i Hordaland. Han bur no i Stavanger.
Litterære prisar
- Rasmus Løland-stipendet
- Samlagsprisen
- Skolebibliotekarforeininga sin litteraturpris
Vis alle prisaneVis færre prisar
Rasmus Løland-stipendet
Rasmus Løland-stipendet for 2007
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2005
Skolebibliotekarforeininga sin litteraturpris
For Dei penaste jentene på TV
Sunnmørsprisen
For Dei penaste jentene på TV.
Utgivingar av forfattaren
Amok
Auge i stein
Det diktande eg i denne boka er ein ganske ung mann med tankane krinsande omkring lite anna enn det andre kjønn. Den første bolken i boka er fylt
Les meir …
Dei penaste jentene på tv
Den niande himmelen
Den nye poesi-handboka
Dikt i utval
Alle skrivebordsskuffe-lyrikarar - og dei finst det mange av - kan også kjenne seg att i og humre seg gjennom denne diktsamlinga. Finn Øglænd utviklar stadig sine originale
Les meir …
Dikt mot det nødvendige
Dyra i Halvferdigskogen
Ei fjør i hatten og andre dikt for barn
Antipoesi, kallar han diktinga si sjølv. Og i denne boka overbeviser Øglænd i så måte, ja, han er i storform! Her er ei gjennomført ledig og medrivande språkføring,
Les meir …
Eksil
Exit
Fem dagar, fire netter
Hjarteblod
Hjartets protokollar er ei heilstøypt samling kortprosatekstar med klar tematisk og formmessig konsekvens. Forteljarstemma balanserer mellom den abstrakte tanken og dei konkrete bileta. Her er fine, skarpe, tverre,
Les meir …
Hjartets protokollar
Som om vi nett var fødde.Der er ord vi ikkje kan sjå i mørkret.Lykka er å gå herfrå:Kvar bokstav utviska, kvar utsegn vag.
Les meir …
I den kalde molda brenn eit bål
Ei ny og sterk livsbejaing slåst om plassen med gammalmannsfilosofiane. Og som vanleg held diktaren dommedag over seg sjølv, med ironi og sjølvkritikk. Dette er ei ganske typisk
Les meir …
Lirum larum
Mannen med dei grøne fingrane
Mannen utan ansikt
Mellomrom
Om å skrive skjønnlitteratur: ei handbok i skrivekunst
Opp i røyk
OM EIN TIME KJEM MÅNENEg saknar ei stødig luft å lene meg mot, eller ein smal desembermåne å fortvile under.Eg fyller opp glaset på nytt og på nytt.
Les meir …
Opphav
Pariserloff
Passe hard, passe mjuk
Poesi er for desperados
Ramle- og skramlevers
Alex er rebell. Han sit i kjellaren og spelar punkplater ingen har høyrt om, frå ei samling han har fått av faren som han aldri har møtt. Gjennom
Les meir …
Rebell: roman
Sjelefred
Og best som ho tenkjer på dette, står ho på ei sandstrand i måneskin. Kanskje ho skulle rømme til månen? Om det berre fanst ei bru? Ja, der
Les meir …
Stina på månen
Fredrik er 17 år, og går til psykolog for å sleppe å gå på skulen. Den einaste personen han liker er Rita, men ho er saman med Ümit.
Les meir …
Svarte sjeler: roman
Fredrik er 17 år, og går til psykolog for å sleppe å gå på skulen. Den einaste personen han liker er Rita, men ho er saman med Ümit.
Les meir …
Svarte sjeler: roman
Ubotelege rørsler

