InnbundenFleire format

Generell litteratur

Latviske vottar: 178 tradisjonelle strikkemønster

178 tradisjonsmønster frå Latvia - populære strikkevottar frå ein rik tradisjon! Latvia har ein fargerik og vakker strikketradisjon, og landet er særleg kjent for den rike vottetradisjonen. Tidlegare var det vanleg at dei latviske kvinnene strikka vottar til brudekistene. Etter tradisjonen kunne ingen vottar vere like. Derfor fi nst det i dag nærast tallause mønster og variasjonar. Denne boka syner den latviske vottetradisjonen frå 1700-talet og fram til i dag. Kvar region i Latvia har sine spesielle variantar. Her får du mønster på vottar frå alle dei ulike regionane. Vottane er strikka med tynne pinnar og tynt garn, noko som gir plass til mykje mønster på kvar vott. Her er det vottar for den som likar det enkelt og klassisk med få fargar, men òg fargerike variantar i uventa kombinasjonar. Felles for alle vottane er dei særeigne mønstera som gjer vottane til små kunstverk.
399,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252192919
Maruta Grasmane
Om forfattaren

Maruta Grasmane

er ekspert på latviske bunader og grunnleggar av Nasjonalt bunadssenter SENA KLETS («gamal låve») i Latvia. Etter mange års forsking ved Latvias nasjonalhistoriske museum, Liepaja Museum og Latvias etnografiske friluftsmuseum, har forfattaren valt ut 178 par vottar frå 1700-talet til byrjinga av 1900-talet.