Fagbøker

Land og folk i den norrøne verda ca. 900 til 1450

I forskinga om rikssamling og statsutvikling i Noreg har det lenge vore diskutert når nordmennene blei ein nasjon. Ytterpunkta i diskusjonen har på den eine sida vore dei som hevdar at nordmennene er ein gammal nasjon. Dei er blitt skulda for essensialisme. På den andre sida står modernistane dei meiner den norske nasjonen meir eller mindre vart konstruert av historikargenerasjonane etter 1814. Men korleis såg så vikingtidas og mellomalderens menneske på samtidas nordmenn? I denne boka utforskar Steinar Imsen kva førestillingar og omgrep som blei nytta om folk og landområde i skriftlege kjelder i denne perioden, og då ikkje berre i Noreg, men i alle landområde innanfor den norrøne verda.
319,00 kr
Sider
175
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187021
SI
Om forfattaren

Steinar Imsen

(f. 1944) er professor emeritus i eldre historie ved Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU. Frå 2010 til 2014 leidde han det internasjonale forskingsprosjektet The Realm of Norway and Its Dependencies as a Political System c. 1250_x0096_1450, der dei statlege tilhøva i Noregsveldet vart granska.