Lagnaden gjer mange til heltar: aforismar i utval
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Lagnaden gjer mange til heltar: aforismar i utval

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist. Han gav i alt ut seks samlingar med eigne dikt, var ein genial gjendiktar, mens brevsamlingar og dei monumentale dagbøkene syner at han også var ein stilsikker prosakunstnar. I fembandsverket Dagbok 1924-1994 vrimlar det med sentensar, ordtak, sitat og fyndord. Hauge forma sjølv hundrevis av eigne aforismar, her presenteres eit mindre utval.
229,00 kr
Sider
81
Utgivingsår
2002
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252159646
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.