Om forfattaren
Solveig Aareskjold
(f. 1949) er cand. philol. med norsk hovudfag og historie mellomfag. Ho debuterte med romanen Det indre tempel (1987). Sidan har ho skrive ei rekkje bøker som Odyssevs reiser stadig heimover (roman 1993), Kyss meg i diskursen (essay 1996) og Tyrefekting (essay 2004), i tillegg til radiokåseri og føredrag.