Englefangst
Innbunden

Romanar og noveller

Englefangst

Stilt overfor det herlege i livet vil menneska som regel enten prøva ? gripa det, eller å øydelegga det. Aino er den yngste av tre søstrer p? ein gammal odelsgard som ho alltid har trudd at ho skulle ta overvar ho som skulle ta over. Men etter at kjærasten på jordbruksskulen har slått opp med henne, og eldstesøstera har sagt frå om at ho aldri vil gi frå seg odelen, går Aino i berg: ho møter ein huldremann og let seg forføra av han.

Maren, den mellomste søstera, som studerer sosialantropologi og nettopp er komen heim frå feltarbeid i Stillehavet, kjenner seg sterkt kalla til å frelsa Aino og føra henne tilbake til dei kulturelle verdiane i slektsfelleskapen og utdanningssamfunnet. Det er lettare sagt enn gjort.

429,00 kr
Solveig Aareskjold
Om forfattaren

Solveig Aareskjold

(f. 1949) er cand. philol. med norsk hovudfag og historie mellomfag. Ho debuterte med romanen Det indre tempel (1987). Sidan har ho skrive ei rekkje bøker som Odyssevs reiser stadig heimover (roman 1993), Kyss meg i diskursen (essay 1996) og Tyrefekting (essay 2004), i tillegg til radiokåseri og føredrag.