Krattet på badet
Innbunden

Lyrikk, drama og essay

Krattet på badet

Lesaren blir førd inn i landskap som er kjent og ukjent på same tid: Naturlandskapet med aurar og fluger, kunstlandskapet med figurar og monument, himmelen med skyer og ein måne som aldri sluttar å fascinere, og dunkle draumelandskap. Vi møter eit undrande, kritisk og oppfinnsamt blikk i tekstane. Med alvor og humor tek Økland oss med gjennom sine landskap og viser oss vår eiga verd gjennom poeten sine auge.

429,00 kr
Einar Økland
Om forfattaren

Einar Økland

(f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar, og mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen.