InnbundenFleire format

Generell litteratur

Kjønn og ukjønn: ordhistoriske essay

Kristin Fridtun opnar ein ny inngang til kjønnsdebatten ved å gjere arveordet kjønn til granskingsobjekt og springbrett for vidare drøftingar av kjønn, kjønnsnormer og kjønnsidentitet. Boka gir oss verdfull kunnskap om tydings- og brukshistoria til ordet kjønn og røskar i den automatiserte og tidvis krenkjande språkbruken vår. Kristin Fridtun er sjølv homofil og transperson. Med utgangpunkt i eige liv syner hen korleis den moderne tydinga og bruken av ordet kjønn påverkar og motverkar fridomen til seksuelle minoritetspersonar.
429,00 kr
Sider
143
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188196
Kristin Fridtun
Om forfattaren

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun (f. 1987)frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har blant anna skrive Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.