Kjære Troms
Innbunden

Kjære Troms

Det er knapt noko fylke som er så samansett og motsetningsfylt som Troms. Den populære NRK-reporteren Arnt Ryvold grip tak i det særmerkte og spenningsfylte, både i natur og i folk, og gir lesaren ei personleg reise gjennom fylket, full av sjarm og opplevingar. Han jaktar på Troms si sjel, og ikkje minst på dei historiske linene som fortel kvifor Troms er blitt slik det er.

Fotografen Ola Røe har i mange år tråla rundt i Troms - på havet, på øyane, ved fjordane, i fjellet. Sansen han har for stemninga og poesien i landskapet, gjer denne boka til ei eksklusiv og varm reise gjennom Kjære Troms.

449,00 kr
AR
Om forfattaren

Arnt Ryvold

Arnt Ryvold er fødd i 1944 på Dyrøy. Frå 1972 var han tilsett i NRK Troms som radio- og fjernsynsjournalist. Lyttarane i Troms kjenner han som ein seriøs spøkefugl, sterkt oppteken av menneske og tilhøve i Nord-Noreg. For tida er han frilansjournalist og skipper på eigen kulturminnebåt, ei fiskeskøyte frå 1908.