Det nye tekstamentet
Innbunden

Det nye tekstamentet

Vett og Uvett er kalla "nordlendingens humorbibel". Legg ein til bøkene til Asbjørn Dybwad og Arthur Arntzen, står vi overfor ei "herlig treeining" som saknar sidestykke i norsk humorlitteratur. Kjelda er den same - den nordnorske folkekulturen. Desse to forfattarane og Vett og Uvett er for nordnorsk humor det Asbjørnsen og Moe var for norske folkeeventyr, og som Asbjørnsen og Moe er dei elska og lesne over heile landet. I denne boka er desse tre altså samla på eitt brett. Kvart kapittel er illustrert med vignettar av Dagfinn Bakke. Førtell må, bor du på sjølve tættstede, eiller i huset attmed?

429,00 kr
AR
Om forfattaren

Arnt Ryvold

Arnt Ryvold er fødd i 1944 på Dyrøy. Frå 1972 var han tilsett i NRK Troms som radio- og fjernsynsjournalist. Lyttarane i Troms kjenner han som ein seriøs spøkefugl, sterkt oppteken av menneske og tilhøve i Nord-Noreg. For tida er han frilansjournalist og skipper på eigen kulturminnebåt, ei fiskeskøyte frå 1908.