Barn og ungdom

Keisar Augustus: roman

12–16 år
«Aktuelt om ungdomskriminalitet ... [Strassegger] viser at han kan hinte om ting og la lesarane trekke sine eigne slutningar.»
— Stavanger Aftenblad
Tredje bok i kritikarrost ungdomsserie

August og mora flyttar til mora si heimbygd på Vestlandet. Bygda er for tida snudd på hovudet etter ein periode med aukande ungdomskriminalitet. August blir kjend med Per og Oskar, som gradvis dreg han inn i ei verd prega av rus, vald og steling. Men så dukkar Aman opp. Sjølv om han òg gjer ulovlege ting, har han eit større perspektiv på livet enn Per og Oskar.

August må ta eit val om kva slags liv han vil leva vidare. Vil han følgja sporet til Per og Oskar og rømma frå vanskane sine gjennom rusen? Eller klarar han å ta lærdom av kameratar som Aman?

Keisar Augustus handlar om ungdomskriminalitet og påverknad, men også om å ta val og å ta ansvar for livet sitt. For sjølv om ein er i trøbbel, finst det alltid ei moglegheit til å få det betre, også når livet er på sitt mest intense.
199,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012105
Peter Strassegger
Om forfattaren

Peter Strassegger

PETER F. STRASSEGGER (f. 1984) er fødd i Graz i Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen Stasia. For ungdomsromanen Aleksander den store blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris og Uprisen. Han vart òg nominert til Uprisen for ungdomsromanen Kvil i fred.