Aleksander den store: roman
Alexander er 15 år. Han veks opp i eit anna land. Der bestemmer han seg for å ta igjen overfor skulens bølle. Men det går for langt. Rett etterpå må han og familien flytta til Noreg, til ei lita bygd, der mora kjem ifrå.
I det nye heimlandet blir Alexander peika ut som neste offer av ein mobbegjeng, leidd av Torve. Skal Alexander ta igjen, slik han gjorde sist? Kva vil skje då? Eller skal han finna ei anna løysing? For kva slags krefter ligg det eigentleg i hendene hans?
«Aleksander den store» er ein roman om migrasjon, utanforskap og vald blant ungdommar, om det å vera stolt og å stå opp for seg sjølv. Romanen fortel òg om korleis samhald og venskap kan vera med på å snu farlege tankar.
Sitat frå melding
["«\"Dette er rett og slett ei bok som er for god til å vere slutt etter berre 121 sider\" Magnus Rotevatn
Framtida.no» - Magnus Rotevatn
Framtida.no "
"«\"Truverdig om utanforskap
kvardagsrasisme og vald blant ungdom\" Steinar Sivertsen
Stavanger Aftenblad» - Steinar Sivertsen
Stavanger Aftenblad "
"«\"Peter Strassegger skriver suggererende om vold
sinne og om det å være utenfor. Vi suges inn i en spiral der det ikke synes som det er noen vei utenom volden. Romanen gir også et ubehagelig blikk på det å være ung innvandrer i Norge.\" Anne Cathrine Strau» - Anne Cathrine Straume
NRK "]
Peter Strassegger
Peter F. Strassegger (f. 1984) er fødd i Graz, Austerrike og bur på Bryne, der han jobbar som psykolog. I 2012 blei han tildelt Tarjei Vesaas ́ debutantpris for romanen Stasia. For ungdomsromanen Aleksander den store blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris og Uprisen.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO