Keeperen og havet
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Keeperen og havet

9–12 år
Endeleg er Trille og Lena frå Vaffelhjarte tilbake, til glede for gamle og nye lesarar! Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han kan gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han byrjar å bli gammal. Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene. For kva skal ein gjere når alle flåtane ein byggjer, forliser, alle flaskepostane ein sender, driv inn i fjørene heime og ingen bryr seg om det ein verkeleg kan? Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det! For som Lena Lid seier i trengde situasjonar: No må de søren kverke meg vakne, der framme!
349,00 kr
Sider
234
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188868
Maria Parr
Om forfattaren

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen og vart nominerte til Nordisk råds barnelitteraturpris for Oskar og eg. Parr har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.

Foto: Sara Sanderud

Foto av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens. Foto av Sara Sanderud:

Fleire foto av Julia Marie Naglestad: