Vinnar av Brageprisen 2017, nominert til ARKs barnebokpris og Bokhandlerprisen 2017!
Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han skal gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, utan a. bry seg om at han begynner å bli gammal. Dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene dette året, Lena, Trille og farfar. For kva skal ein gjere når alt er motvind og ingen bryr seg om det ein verkeleg kan? Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det. Som Lena Lid seier i pressa situasjonar: No må de søren kverke meg vakne der framme!
Bla-i-boka
Maria Parr
Maria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2019 mottok ho også Sult-prisen.Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO