K
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Kattespranget

9–12 år
Aud og Natalia går i same klasse. Mor til Aud har forbode henne å gå heim til Natalia, men Aud trassar forbodet. Aud oppdagar ein løyndom heime hos Natalia, og den må ho love å teie om. Til slutt kjem ikkje Natalia på skolen meir, og da mor til Aud sender henne heim til Natalia for å sjå korleis ho har det, finn Aud ut av den grufulle løyndomen.
300,00 kr
Sider
119
Utgivingsår
1998
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252152951
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.