Barn og ungdom

Katteskriket: roman

9–12 år
«En nervepirrende grøsser ... På mesterlig vis bruker Auganes klassiske troper som en rød dør, katter, spøkelser og krypende hvit tåke, korte kapitler og en nær fortellerstemme for å skape intensitet.»
— Periskop

Mystisk spøkelseshistorie i Maria Gripe-stil Julie hatar å sove borte. Ho er elleve år og skal vere åleine hos besteforeldra i fire dagar og tre netter. Ho må øve seg til hausten. Då skal ho på overnattingstur til Gøteborg med bestevenninna si.

Det er berre éin ting: Ho har gløymt kor skummelt det er hos besteforeldra. Alt er så gamalt og mørkt der, vegger og møblar, og det luktar rart. Og kva er det med det gule rommet der Julie skal sove? Kvifor blir ho svimmel av å vere der? Og kva i all verda er det skjerande skriket som vekker ho midt på natta?

Katteskriket er ei bok om heimlengt, hemmelegheiter og å vakne med songar i hovudet. Det er ei bok om kattar - og om spøkelse. Boka er illustrert av Line Halsnes.

199,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011405
Meiningar

Det kritikarane seier

1 omtale

«Boken er perfekt gøy og grøssende stoff til påska eller regnværskvelder.»

— Periskop

Guro S. Auganes
Om forfattaren

Guro S. Auganes

Guro Storløkken Auganes (f. 1979) bur i Oslo med sambuar, to barn og to kattar. Ho har tidlegare gitt ut barneboka Katteskriket (2024). 31 dagar i oktober er den andre boka hennar.