Skjønnlitteratur

Karikaturar i spegel med hol

«Einar Øklands dikt veksler mellom blank moro og mørk erkjennelse ... Det lyriske jeget i Øklands tekster vrir og vender på figurer, omskaper dem til poetiske karikaturer, ikke bare for moro skyld (det også), men for å...»
— Klassekampen
Karikaturar i spegel med hol er ei samling full av vilje, leik og nysgjerrigheit. Med både presisjon og omtanke viser Einar Økland fram det kvardagslege for oss på ein ny måte. Her er fascinasjon for stort og smått, heilt ned til det minste punktumet. Dikta vekslar mellom konstateringar og spørsmål og skapar slik eit dynamisk spel. Vi møter eit blikk som kan sprette att og fram i møte med seg sjølv, men like gjerne forsvinne innover i det ukjende, i mørket og søvnen.

ELSKAREN
Ho var open
som eit kolon
då vi møttest.

Eg blei borte
på begge sider av henne
349,00 kr
Sider
101
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016578
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Dikta snakkar både til og med lesaren. ... Og mens ein les, gir dei lyst til å sitera, til å dela ... Sjeldan ser ein maken til ei heilskapeleg bok som dette ... Det er ikkje mange som kan den kunsten å seia så mykje med så lite tekst som Økland gjer her»

— Krabben

Einar Økland
Om forfattaren

Einar Økland

(f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar, og mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen.