Kaninbyen
Innbunden

Kaninbyen

I denne boka møter vi den tidlegare politimannen Jonny Roxmann som med bakte poteter skal tene seg nokre lettvinte kroner under Gladmatfestivalen. Jonny er på skråplanet, han møter thailandske Kim som han straks får eit godt auga til. Men ting er ikkje alltid slik dei ser ut til å vere.

I 2008 stemte Stavanger fram Kaninbyen til boka som heile byen skal lese gjennom prosjektet Hele byen leser, eit av delprosjekta under 2008-prosjekt Gjestfrihetens kunster.

429,00 kr
Arild Rein
Om forfattaren

Arild Rein

(f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.