Kampen om Kervad

Barn og ungdom

Kampen om Kervad

12–16 år
Kampen om Kervad. Drakeguten IV er den fjerde boka om Drakeguten. Det har gått to år sidan Tåka la seg over Kervad og landsbyfolket for første gong forstod kva for gåver Koll hadde fått frå Nordavinden. Koll treng alt han har av kløkt og krefter for å halda landsbyen trygg. Men er det nok? Kvifor vender ikkje landsbyen seg til han for hjelp? Og kven er eigentleg fienden? Berre Vinden veit. Les også: Drakeguten Med eld i hjartet. Drakeguten II Mørkemanaren. Drakeguten III
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184754
Asbjørn Rydland
Om forfattaren

Asbjørn Rydland

(f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling. For fantasyromanen Galderstjerna vann han Uprisen i 2017.