Kælven: roman

Skjønnlitteratur

Kælven: roman

«one of the most satisfying books I have ever read»
— Lønningspils
Om vald, brotsverk, skuld og soning. «Dei siste daga har je tenkt og tenkt på ei seinsåmmårsnatt je lenge prøvde å glømme.» Slik opnar forteljaren romanen, der han sit i eit underjordisk kontorlandskap og spissar blyantar, makulerer papir og kokar kaffi til dei andre tilsette. Men innimellom det meiningslause arbeidet får han klort ned nokre namn og setningar, og han manar fram ei soge frå dei hadelandske 1980-åra. I denne soga er Hadeland ein skuggeheim der skrømt, attergangarar, englar og robotliknande skapningar er like naturlege som dyr og menneske av kjøt og blod. Kva var det som hende den seinsommarsnatta? Kva er det forteljaren har prøvd å gløyme? Og kven er denne Kælven, som blei «slin hælft ihjæl»? Forteljinga går i sirklar og kastar om på hendingar, tid og stad. Kælven og dei andre karakterane - til dømes Ænners, Pærepål, Knutsprut og Beinrangelroger - er som fanga i ein kvervelvind frå «Dantes Inferno». «Kælven» er ei bondeforteljing, ein westernroman, eit draumkvad, eit eventyr, science fiction og ein svart komedie om vald, brotsverk, skuld og soning.
329,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000058
Leif Høghaug
Om forfattaren

Leif Høghaug

LEIF HØGHAUG (f. 1974) er busett på Gran på Hadeland og er utdanna litteraturvitar. Han har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark og skrive bokmeldingar og essay for ei rekkje aviser og tidsskrift. I åra 2010– 2015 arbeidde han som redaktør i Bokvennen Forlag. Høghaug er også omsetjar og har mellom anna omsett bøker av Julian T. Brolaski og Marx og Engels’ Det kommunistiske partis manifest til norsk, og han arbeider for tida med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake.

Høghaug debuterte i 2012 med diktsamlinga Fama. I 2017 kom hans andre diktbok, Kommunion, og i 2019 kom hans første roman Kælven (omsett til tysk og engelsk).