Kommunion 2017: dikt

Skjønnlitteratur

Kommunion 2017: dikt

Hundre år etter den russiske revolusjonen og fem hundre år etter reformasjonen oppstår ein diktarleg tale om fråvær av fellesskap i vår tid. Er fellesskapen død? Og om så er: Er det mogleg å vekkje han opp? Leif Høghaugs andre diktbok utforskar ein idé om korleis fortidas messianisme kan verke i notida for å skape ei ny framtid. Kommunion 2017 blir til i spennet mellom lyrikk og prosa, elegi og humor, dialekt og skriftspråk, og framstår som ein samtale med ei rad messianske forfattarar: Marx, Luther, Dante, Shakespeare, Lenin, Hölderlin, Yeats, Joyce ... Leif Høghaug (f. 1974) er utdanna litteraturvitar, har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har skrive bokmeldingar og essays for ei rekkje aviser og tidsskrifter. I åra 2010-2015 arbeida han som redaktør i Bokvennen Forlag. Han debuterte skjønnlitterært i 2012 med diktboka Fama, og er også aktiv som omsetjar. Han har mellom anna gjendikta Julian T. Brolaski frå amerikansk, og arbeider med å omsetje James Joyces Finnegans Wake til norsk.
329,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194920
Leif Høghaug
Om forfattaren

Leif Høghaug

LEIF HØGHAUG (f. 1974) er busett på Gran på Hadeland og er utdanna litteraturvitar. Han har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark og skrive bokmeldingar og essay for ei rekkje aviser og tidsskrift. I åra 2010– 2015 arbeidde han som redaktør i Bokvennen Forlag. Høghaug er også omsetjar og har mellom anna omsett bøker av Julian T. Brolaski og Marx og Engels’ Det kommunistiske partis manifest til norsk, og han arbeider for tida med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake.

Høghaug debuterte i 2012 med diktsamlinga Fama. I 2017 kom hans andre diktbok, Kommunion, og i 2019 kom hans første roman Kælven (omsett til tysk og engelsk).