Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta - ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet.
Og snart skal ein gut flytte inn i Kråkeslottet. No skal dei bli tre - det må jo bli trippelt så kjekt!
Men når den nye guten kjem, forstår Alvar at sommaren blir ganske annleis enn han har sett for seg.
Det blir sjalusi, krangel og forviklingar.
Alvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt.
Christian Wiik Gjerde (f. 1981) voks opp i Tjørvåg i Herøy kommune på Sunnmøre og er busett i Oslo. Han er utdanna pedagog, og har jobba både som produsent, lærar og som programleiar i NRK Super/NRK P1. Jakta på firkløveren er hans debutbok.