Jakob og Neikob: tjuven slår tilbake

Barn og ungdom

Jakob og Neikob: tjuven slår tilbake

3–6 år 8 min
Jakob seier alltid JA til alt, og Neikob seier alltid NEI. Men tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong. Heldigvis går det bra til slutt denne gongen også, og Jakob lærer at av og til må ein seie NEI. Ei visuelt spennande og humoristisk bildebok for nye og gamle Jakob og Neikob-venner.
149,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009341
Kari Stai
Om forfattaren

Kari Stai

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.

Sjå alle bøker av Kari Stai →