Last ned omslag

Bla-i-boka

Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake

Kari Stai | Kari Stai

Jakob og Neikob på nye eventyr

Det prislønte radarparet Jakob og Neikob har hatt suksess i både inn- og utland, på barne-tv og som app.

Jakob seier alltid JA til alt, og Neikob seier alltid NEI. Men tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong.

Heldigvis går det bra til slutt denne gongen også, og Jakob lærer at av og til må ein seie NEI. Ei visuelt spennande og humoristisk bildebok for nye og gamle Jakob og Neikob-venner.

Frå Bokmeldingar

”Stai skaper stor bildebokglede både med første og andre bok.”
Dag og Tid,

”Smart og sjarmerande barnebok, endå betre enn den første. Ein komande klassikar! (…)
Jakob og Neikob passar like bra til høglesing som til sjølvlesing, for barn og vaksne frå midten av barnehagen og oppover i alder. Illustrasjonane er haldne i få fargar med få detaljar, i ein slags naiv, karakteristisk Kari Staisk retrostil som kler forteljinga godt. Det er berre å håpe at ho lagar endå fleire bøker om Jakob og Neikob."

Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

"Kari Stais oppfølger til suksessboken "Jakob og Neikob" fra 2008 er enda sterkere enn den første. (…) For dem som har lest den, ligger det bonusmateriale både i tekst og bilder. For nye lesere vil årets bok fremstå som fullverdig, en liten klassiker på egne ben."
Anne Cathrine Straume, NRK

"Bøkene om Jakob og Neikob er like underholdene for voksne som for barn."
Barnebokbloggen, Bokbloggar


ISBN: 9788252180480

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Kari Stai

Emneknagg: 2012, Innbunden, Jakob og Neikob,

Sjanger: Biletbøker



Meir frå Kari Stai