Jakob og Neikob: naboen

Barn og ungdom

Jakob og Neikob: naboen

3–6 år 7 min
Ein dag ser Jakob og Neikob at dei har fått ein nabo. Jakob blir glad, mens Neikob blir svært skeptisk og byggjer eit høgt gjerde. Jakob byggjer ei bru, men så har vel også Jakob høyrt at ein ikkje skal snakke med framande? Då naboen plutseleg trekker gardina for meiner Neikob at beviset er klart: Naboen har noko å skjule!
149,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009365
Kari Stai
Om forfattaren

Kari Stai

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.

Sjå alle bøker av Kari Stai →