Istid: roman

Barn og ungdom

Istid: roman

12–16 år
Iskald sommar. I Overleve 2 - Istid møter vi igjen trettenåringane Jamal og Eira. Etter å ha vore med på ei dramatisk reise med forskingsskipet Bluenose, der dei blei angripne av kanonskipet Georgia og nesten havarerte, er dei no komne til Bergen. Eira skal i land og legge bak seg alt som har skjedd, mens Jamal skal vere med på neste tokt. Det er sommar, og alle trur det skal bli varmt og fint. Men svart oske har blitt spydd ut i store mengder frå ein vulkan på Jan Mayen. Oska sperrar for sola, og snart begynner det å regne og sludde. Temperaturen går langt under frysepunktet, og forskarane er uroa. Kva er det som eigentleg skjer med klimaet? Istid er andre bok i spenningsserien Overleve, som tar deg med til ei nær framtid, der menneska er utryddingstruga. Boka er illustrert av Nikolai Lockertsen.
249,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006845
Tor Arve Røssland
Om forfattaren

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er kanskje mest kjent for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.