Ingen reell fare: roman

Skjønnlitteratur

Ingen reell fare: roman

Ein mann møter ei kvinne. Dei har eit forhold, han er gift, men ho krev ikkje anna enn å få vere den andre kvinna. Ein draumesituasjon for han som ikkje kan velje. Men gradvis blir dobbeltlivet vanskeleg; mannen kjenner at han vil ut av ekteskapet, han vil realisere kjærleiken fullt ut. Eller vil han ikkje det? Dei usynlege banda til ho han er gift med, til barna, eit etablert tilvære og hans eigen versjon av korleis livet hans er, held han fast i eit uavklart spenn mellom å bli og å reise.
329,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176926
Rønnaug Kleiva
Om forfattaren

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 30 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.