Ingen kan nå oss: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Ingen kan nå oss: roman

12–16 år
Heilt sidan barndomen, då Dima kom flyttande frå mottaket, har ho og Jenni vore uskiljelege.
No ventar tiandeklasse med teater, festing og nye folk. Framtida kjennest lys og lokkande for dei to jentene.

Men heime hos Dima er ikkje alt som det skal. Eit mørker har teke plass i faren, og ho er viss på at foreldra skjuler noko.
Ein dag står ein politibil utanfor huset deira, og verda fell saman.
Dima vert send ut av landet i lag med familien.


Jenni står knust og rasande att, ho nektar å godta ein slik urett.

 
329,00 kr
Sider
283
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234014413
Hilde Myklebust
Om forfattaren

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto av Helle Frogner: